Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2014
Abstract
Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer,
for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta
frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien.
Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar.
Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet.
For rekneskapsåret 2014 tok 912 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av
desse var 133 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte
31 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga.
Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med ei standard omsetning som minst
svarer til kr 150 000.
Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådrag og
tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane.
Desse emna vert behandla i eigne avsnitt i rapporten.