Bevaring ved bruk - nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvinger og raudkløver. Årsrapport 2013
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2440880Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Prosjektet «Bevaring ved bruk» starta med støtte frå Norsk Genressurssenter i 2003. Dei første fire åra vart det produsert frø av tre breie populasjonar av timotei, engsvingel og raudkløver. Dei vart samankryssa av innsamlingar lagra i Nordisk Genbank samt nyare handelssortar. I 2007 vart det anlagt sju engfelt spreidd frå Øsaker i sør til Alta i nord. Det vart hausta grovfôr på felta i to år, medan det det tredje året vart hausta frø. Metoden er å først la plantene tilpasse seg lokalt klima og driftsmetode, og deretter hauste frø av dei selekterte plantene. Ved gjentatte seleksjonsrunder vil ein over tid få lokaltilpassa engvekstsortar, såkalla lokalsortar. I 2013 er prosjektet inne i den andre seleksjonsrunda, med 13 felt på vidaregåande skular med naturbrukslinje.