Driftsgranskingane 100 år. Litt om jordbruket i 1910 og det første rekneskapsopplegget
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2444091Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NILF Notat [338]
Sammendrag
Formålet med dette notatet er å sjå på utforminga av det rekneskapsopplegget som Håkon Five utvikla rundt 1910. Bakgrunn for notatet, formål og problemstillingar er nærare omtala i kapittel 1. Håkon Fives argument for å føre rekneskap er omtala i kapittel 1. Five hevda at utviklinga i jordbruket var komen så langt at ein måtte føre rekneskap for å ha oversikt og for å kunne vurdere kva som svara seg eller ikkje. Sentrale spørsmål i dette notatet er: Kva slags rekneskapssystem tilrådde Five for praktisk landbruk? Kva system nytta han i dei første rekneskapsundersøkingane? Kva viste rekneskap for dei første åra om økonomien i jordbruket? Produserte jordbruket rundt 1910 hovudsakleg for sal og for ein stor del på innkjøpte råstoff? Kor sterkt var kreditten teken i bruk? Kapittel 1 inneheld òg ein kort omtale av materialet som er nytta. For å svare på dei nemnde spørsmåla fann eg det naudsynt å ta med ein omtale av følgjande tema (sjå kapittel 2): Utviklinga i folketal og fordeling på by og land. Tilstand og endringar i landbruket. Produksjon av innsatsfaktorar til jordbruket. Five hadde utarbeidd eit gjennomtenkt system, men i tida etterpå har det vorte gjort mange endringar i opplegget. Enkelte, viktig endringar i opplegg og presentasjon er omtala i vedlegg til dette notatet. Trass i mange endringar i dei hundre åra som har gått sidan 1910, er det ikkje vanskeleg å finne att trekk frå Fives system i dagens system.