Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og økonomisk utvikling
Abstract
Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 870 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Dette notatet inneheld lokale data frå Vestlandet. I tillegg har vi valt å ta med resultat frå samdrifter i mjølkeproduksjonen. På grunn av at materialet for Vestlandet er lite til eigen analyse, presenterer vi resultat på landsbasis. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For rekneskapsåret 2012 var det med 169 bruk frå Vestlandet i granskinga.