Drenering: Teori og praksis. 2013
Others
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2445537Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Utan jord, luft og vatn i høvelege mengder, - ingen plantevekst! Det er eit felles ansvar, å ta vare på den dyrebare matjorda til det beste for framtidige generasjonar. Det må leggjast til rette for ei auka målretta god matproduksjon som i større grad enn tidlegare, tar omsyn til miljøet. På Sør- og Vestlandet har liten aktivitet for å betre grøfte-/dreneringstilstand gjennom mange år gjeve grunn til uro. Eit aukande areal med leigejord medverkar til uroa, då det blir grøfta mindre på leigd jord enn på jord ein sjølv eig. God jordkultur kan gje vesentlege positive bidrag til at nasjonale målsettingar blir nådd innan auka matproduksjon, reduserte klimagassutslipp frå landbruket og redusert næringsavrenning til vatn og vassdrag. Fleire aktørar over heile landet, - både i offentleg og privat sektor har til nå arbeidd med temaet hydroteknikk på kvar sin kant. Det å samordne fagleg og praktisk kunnskap om drenering avgrensa til ein større region med nokolunde like klimatiske forhold, føresetnader for plantevekst og driftssystem kan vere til stor nytte for forvaltning, rådgjeving, entreprenørar og framfor alt, gardbrukarane. Dette fagheftet er ei samanfatning av artikkelserien om praktisk drenering som vart publisert i Bondevennen frå september 2012 til februar 2013. Dyktige fagfolk i offentleg og privat sektor, Bioforsk, NILF, Norsk Landbruksrådgiving og bønder langs heile Sør- og Vestlandet står bak fagartiklane. Artiklane har difor ein god fagleg forankring i problemstillingar som gjeld landbruket på Sør- og Vestlandet. Bioforsk Vest Fureneset har i tett samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Bondevennen koordinert arbeidet og framdrifta.