Avlingsregulering i eple og plomme ved hjelp av mekanisk tynning av blomar. Rapport frå feltforsøk
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2449300Utgivelsesdato
2017-07-24Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [1030]
- NIBIO RAPPORT [1502]
Sammendrag
Hjå eple og plomme er det heilt turvande å regulera avlinga for å oppnå jamne avlingar av god kvalitet. I kommersiell dyrking er vanleg dyrkingspraksis å regulera avlinga kjemisk eller med hand under blomstringa eller på kartstadiet. Den kjemiske tynninga vert utført under blomstringa eller på liten kart. Då vert grovtynninga utført. I etterkant vert det justert for hand. Dei siste åra har det i Europa vorte arbeidd med alternative løysingar som er mekanisk tynning med maskin. Prinsippet er eit traktormontert utstyr med roterande trådar som vert køyrt på kvar sida av trerekkja under blomstringa. Ein del blomar vert då slått av slik at ei grovtynning vert gjort. Feltsesongen 2010 vart gjennomført to feltforsøk med utprøving av den tyske maskinen Baum for mekanisk blomstertynning, eit i eple med eplesorten Summerred poda på grunnstamma M9 og eit i plomme med plommesorten Opal poda på grunnstamma St. Julien A. Feltforsøka vart gjennomførde i kommersiell frukthagar nær Nibio Ullensvang........