Alternative oljevekstar til norsk biodiesel
Abstract
Fleire oljevekstar som kan vere alternativ til raps og rybs som råstoff til ein eventuell framtidig produksjon av norsk biodiesel vart prøvde i forsøk på tre stader i åra 2007 til 2009. Resultata syner at ingen av dei prøvde artane er klare alternativ til vårraps med omsyn til frø- og oljeavling under norske tilhøve, men ei vidare prøving av sortar av crambe og oljedodre under ulike veksetilhøve på Austlandet kan vere aktuelt.