Kostar hjorten meir enn han smakar? Del 1: berekning av kostnad og nytteverdi av hjort i Eikås storvald i Jølster
Thorvaldsen, Pål; Øpstad, Samson; Aarhus, Arve; Meisingset, Erling L.; Austarheim, Åsmund; Lauvstad, Hans; Mo, Magnus
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2460555Utgivelsesdato
2010-03-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hovudmålsetjinga med prosjektet ”Kostar hjorten meir enn han smakar?” er å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter som hjorten representerer for den enkelte grunneigar, og samla innafor eit avgrensa område (storvald). Som referansevald for berekningar av nytte- og kostnadsverdi har ein nytta Eikås storvald i Jølster kommune. I valdet vart skadeomfanget etter beiting av hjort berekna på all innmark og all granskog i hogstklasse III og IV, samt furu i hkl II. Verdien på ein foreining grovfôr vart relatert til prisen på kraftfôr med eit fråtrekk for sparte haustekostnadar, og fastsett til 2,28 kr. Når ein la denne prisen til grunn vart avlingstapet berekna til 109 kr pr daa i snitt for all innmark i valdet. I desse berekningane har ein teke omsyn til kostnadar knytt til auka behov for engfornying og ein har teke omsyn til at beiting i attleggsåret gir eit avlingstap som vert akkumulert i dei etterfølgjande engåra. Resultatet for skog synte at dei årlege kostnadane på gran i hkl III og IV i snitt var kr 26,60 pr daa og på furu kr 2,80 pr daa, når ein legg til grunn veksetida fram til kulminasjon og hogst. Desse resultata er først og framt gyldige for Eikåsvaldet med dei tilhøva ein finn der i høve til bestandstettleik av hjort, arealfordeling og korleis jord- og skogbruk vert praktisert ved dyrking av eng og skjøtsel av skog, mellom anna så er truleg resultatet frå furu noko lågt på grunn av underoptimalt tretal i dei takserte bestanda. Det samla skadeomfanget i valdet vart samanstilt med inntektene generert gjennom jakt og utleige av jaktløyve. Dette ga eit knapt overskot for valdet på 33 839 kr pr år.