Vegetasjon og beite i Vangrøftdalen, Kjerrudalen og kringliggande fjellomrade. Rapport frå vegetasjonskartlegging i Os kommune
Abstract
Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). I Vangrøftdalen, Kjurrudalen og kringliggande fjellområde er det vegetasjonskartlagt eit areal på 297 km² på oppdrag frå Os kommune. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 3 avleia temakart kring husdyrbeite og biologisk mangfald. Omlag 1/3 av kartleggingsområdet ligg i bjørkebeltet frå 670 m o.h. til skoggrensa på vel 900 m. Det meste av arealet over skoggrensa ligg i høgder opp til 1100 m. Nokre toppar når over 1200 m. Høgast av alle når sjølve landemerket for området, Forollhogna, med 1332 m. Området har eit typisk innlandsklima med kald vinter og varm sommar i høve til høgda. Årsnedbøren i bygda ligg rundt 500 mm. Lett vitterlege bergartar dominerer berggrunnen og gjev næringsgrunnlag for frodig plantevokster. Området har jamt lausmassedekke. […]