Varig grasmark i fôrproduksjon og i annan ressurssamanheng
Abstract
Varig grasmark til eng kan i mange høve vere jamstilt med ny eng i avkastingsevne, og som oftast har for frå varige grasrnarker mykje høgare protein- og mineralinnhald enn ung eng. Opptak og tilvekst hos dyr er over og på høgd med tidleg slått timotei, sjølv om energikonsentrasjonen er lågare på grunn av uhøveleg haustetid for dei varige grasmarkene. - I kulturbeitareala ligg store fortessursar som vert dårleg utnytta, fordi kravet til effektivitet og manglande forskingsinnsats på dette området har ført til beiting på innmarka, eller hausting for innef6ring. - Engforskinga bør i framtida satse mykje meir på å finne fram til frøblandingar for langvarige omlaup i staden for korte om laup som no ( og som er særnordisk), og som likevel vert langvarige i praksis. Dessutan må det leggast mykje forskingsarbeid i å få utnytte dei store ressursane som ligg i vårt kulturbeiteareal. - Grasmark kan ta i mot og utnytte husdyrgjødsel bra, men enno er det ikkje utvikla teknikkar for lagring og spreiing på ein måte som gjer at tap av amoniakk, og med det nedsett utnyttingsgrad er like god på eng som ved nedmolding i open åker. Som forureiningskjelde i vassdrag vil