Beskytta nemningar – Marknaden i Noreg
Abstract
Problemstillinga for oppgåva er å vurdere korleis den norske marknaden med beskytta nemning (BB) fungerer per dags dato. Følgjande hypotesar byggjer opp om problemstillinga:
1) Dei fleste konsumentar oppfattar norsk mat som såpass homogen at dei har vanskeleg for å skilje mellom ulike kvalitetar.
2) Norske konsumentar ser ingen nytteverdi av å betale meir for eit BB-produkt enn for ei tilsvarande norsk-produsert vare utan denne nemninga.
3) Produsentar vil over tid kunne lukkast med å informere konsumenten om dei spesielle eigenskapane til produkta.
4) Norske matvareprodusentar forventar ikkje auka profitt ved å ta i bruk BB-merket.
[…]