Økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Mjølk- og storfekjøtproduksjon. Trendar og økonomisk utvikling 1995–2001.Tabellsamling 1997–2001
Abstract
«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår omlag 1000 bruk over heile landet kvart år. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. I tillegg har det vore stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Rogaland og Agder, samtidig som det er ei målsetjing for NILF å gjere dataene lettare tilgjengelege.
Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå fylka Rogaland, Aust-Agder og Vest- Agder. Det deltek omlag 70 bruk frå Rogaland, og 30 bruk frå kvart av Agder-fylka i granskinga. Dei økonomiske dataene i kapittel tre (Trendar og økonomisk utvikling for åra 1995–2001), er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktane i tabellsamlinga inneheld nominelle kroner frå kvart av åra. Det vert kvart år skifta ut ein del bruk i driftsgranskingane, men kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5–10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. Utskifting av bruk og gardsoverdraging kan likevel gje utslag i enkeltår. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.