Viltveksande urter som krydder og helsekost/ Wild herbs as spice and healthy food
Abstract
Det er kjent at mange viltveksande planteartar gjennom tidene har vore brukt som mat og i folkemedisinsk samanheng. Likevel er det etter som ein kjenner til gjort få undersøkinger av viltveksande vekstar i Norge med omsyn til mat- og helsefremjande plantar. Formålet med dette tiltaket/forprosjektet var å setje fokus på utnytting av det biologiske mangfaldet av viltveksande plantar og medverke til at fleire brukar og utnyttar urter. Det er også eit ønskje å medverke til at fleire økologiske produkt kjem på marknaden for å dekke den aukande etterspørselen etter økologiske varer. I 2006 vart plantedelar frå 14 ulike viltveksande plantar hausta i tre område i Troms og analysert for total antioksidant- kapasitet ved hjelp av FRAP-metoden. Resultatet viser at det er stor variasjon i innhald mellom plante-artane og at fleire artar som t.d. bjørkeblad (144 mmol/100 g) og mjødurtblomst (215 mmol/100 g) har høge verdiar for antioksidantinnhald.