Vegetasjon og beite i Rendalen Østfjell. Spekedalen, Sølendalen og Joten
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2508215Utgivelsesdato
2007-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). I Rendalen østfjell er det vegetasjonskartlagt eit areal på 414 km² på oppdrag frå Rendalen kommune. Viktigaste målsettinga med kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk i området. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for sauebeite, storfebeite og naturtypar. Kartleggingsområdet ligg frå 688-1604 m o.h. Vel halvparten av området er over den klimatiske skoggrensa som her går kring 850-950 m o.h. Resten av arealet er fordelt på bjørkeskogregionen og litt ned i barskogregionen. Området har eit typisk innlandsklima med kald vinter og varm sommar sett i høve til høgda. Årsnedbøren i bygda ligg rundt 550 mm. Tungt vitterlege bergartar som gjev lite næring for plantevokster, dominerer berggrunnen. Området har eit jamt og ofte tjukt lausmassedekke.