Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNyeggen, Hans
dc.contributor.authorSkage, Jan-Ole
dc.contributor.authorØstgård, Åge
dc.coverage.spatialSør-Norgenb_NO
dc.date.accessioned2018-08-10T13:33:07Z
dc.date.available2018-08-10T13:33:07Z
dc.date.created2018-08-10T13:06:39Z
dc.date.issued2006-12
dc.identifier.isbn978-82-311-0007-2
dc.identifier.issn1890-1662
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2557592
dc.description.abstractI denne rapporten er det vist og drøfta resultat frå ein serie proveniensforsøk med vanleg gran i Sør-Noreg. Formålet med undersøkinga var å prøve om granproveniensar frå Trøndelag og Nordland og høgt over havet på Austlandet og Sørlandet kan gje høgare juletreutbytte i låglandet i Sør-Noreg enn proveniensar som brukast i dag. Forsøksmaterialet omfattar 13 norske proveniensar, der seks var henta nordafjells og sju frå høgareliggjande strok sønnafjells, og dei to proveniensane Cv1 frå Noreg og Harz 7 frå Tyskland som kontrollar. Det var lagt ut eitt forsøksfelt i kommunane Steinkjer, Eid, Bergen, Stord, Hjelmeland, Lindesnes, Stokke og Nes i Akershus. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort ti til tolv vekstsesongar etter såing. På alle tre med høgd ein meter eller større, vart det registrert største trebreidd, tal greiner i øvste krans, tal internodiegreiner på fjorårstoppskotet og spisse greinvinklar, i tillegg til eventuelle skadar og feil. Feltet i Steinkjer fekk omfattande frostskadar dei siste åra og kunne derfor ikkje analyserast for anna enn overleving. Overlevinga var i gjennomsnitt 91 % for alle felt. Gjennomsnittleg juletreutbytte av alle overlevande tre var 55 %, med variasjon frå 33 % i Nes til 71 % i Stokke og Stord. Forskjellar i klima, markslag og topografi på vekseplassane er ein sannsynleg årsak til variasjon i juletreutbytte mellom felt. Feltet i Nes hadde flest tre med skeiv stamme, gankvist og dobbeltopp. Forskjellen i juletreutbytte mellom Stokke og Nes har ei sannsynleg forklaring i aukande frostfare innover i landet. Flyttinga av proveniensar frå nord mot sør og frå høgt over havet gav ikkje større juletreutbytte enn kontrollane. Ulik høgdevekst og ulikt greintal mellom proveniensane har ikkje gitt sikre forskjellar i juletreutbytte. Flytting frå stor høgd over havet til låglandet kan gje dårleg utbytte fordi trea får for dårleg vekst og utvikling. Ved bruk av granproveniensar til juletreplanting, bør dei same proveniensane som er tilrådd for skogproduksjon nyttast. Dette gir betre tryggleik for at trea toler klimaet på veksestaden.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for skog og landskapnb_NO
dc.relation.ispartofForskning fra Skog og landskap
dc.relation.ispartofseriesForskning fra Skog og landskap;02/2006
dc.subjectGrannb_NO
dc.subjectNorway sprucenb_NO
dc.subjectJuletrærnb_NO
dc.subjectChristmas treesnb_NO
dc.subjectProveniensnb_NO
dc.subjectProvenancenb_NO
dc.titleEr gran frå nordlege strok og frå høgtliggjande skog eigna til juletredyrking i låglandet i Sør-Noreg?nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Skogbruk: 915nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Forestry: 915nb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO
dc.source.issue02/2006nb_NO
dc.identifier.cristin1600996
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel