Vegetasjon og beite i Hadsel kommune. Rapport frå vegetasjonskartlegging
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2560240Utgivelsesdato
1999-02-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4467]
Sammendrag
Fylkesmannen i Nordland, landbruksavdelinga, sette i 1995 i gang områdetakst i Hadsel og Sortland kommunar. Ved sida av produksjonspotensialet for skog, såg Fylkesmannen det som særleg viktig å registrere vilkår for småfebeite. Dette er gjennomført ved å knytte vegetasjonskartlegging til områdetaksten. Vegetasjonskartlegginga er utført på to vis. Nordland skogeierforening som har stått for den ordinære skogtaksten på det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet, har teke med vegetasjonstypar som tilleggsparameter under takseringa. NIJOS har utført ordinær vegetasjonskartlegging på skog og snaumark som fell utanom takstarealet. Skogfaglege registreringar i skog er her teke med etter ein forenkla instruks. Ut frå vegetasjonskartet er det laga avleia beitekart for sau.