Bonitetsendringar i gran og furu – verknader på bestandstettleik, volumproduksjon og inntekter ved ulik bestandsalder
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2570533Utgivelsesdato
2018-10Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for skog og utmark [520]
- NIBIO RAPPORT [1471]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4500]
Sammendrag
Denne rapporten bygger på takstdata frå flyboren laserscanning i Oppland og Hedmark. Frå laserdata er det estimert bestandsmiddelhøgde, tretal, grunnflate, volum, middeldiameter og dimensjonsfordeling. Det er også registert bestandsalder, vegetasjonstype og høgde over havet. Frå desse data er det gjort eit uttrekk av bestand der minst nitti prosent av volumet er gran, og minst åtti prosent av volumet er furu. Data for middelhøgde og bestandsalder er nytta til å bonitere alle bestand med bruk av ein dansk funksjon (H40NL) for planta skog som har overhøgde og totalalder som inngang. Det er deretter rekna ut arealvekta middelverdiar for kvar ti års aldersklasser for vegetasjonstype og for høgdelag med hundre meters intervall. For å studere samanhengen mellom bestandstettleik og produksjon, er observert grunnflatesum og tettleik målt som midlare treavstand dividert på bestandsmiddelhøgda (S-prosent) samanlikna med venta grunnflatesum ved ei gjeven middelhøgde i Braastad (1975) sitt program 8 for sjølvtynna skog.................