Testing new apple cultivars for Norwegian growing conditions
Research report
Published version
View/ Open
Date
2021-03Metadata
Show full item recordCollections
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [966]
- NIBIO RAPPORT [1456]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4467]
Abstract
NIBIO Ullensvang har i perioden 2012-2019 gjennomført rettleiingsprøving av samla 11 eplesortar og -seleksjonar. Føremålet var å skaffa norske fruktdyrkarar sortar som gjev stor avling med kvalitetsfrukt og er tilpassa det norske klimaet. Sortane vart poda på den svaktveksande grunnstamma M9. Pomologiske karakterar og fruktkvalitet vart vurderte og detaljert informasjon om dei ulike sortane er gjeve i denne rapporten. Sortane Asfari og Elstar Boerekamp Excellent- Star® vert tilrådde til kommersiell fruktdyrking. Sorten Tiara kan dyrkast til jus og som dekorasjonsfrukt sidan den har raudt fruktkjøt. Sorten Pinova bør prøvast vidare. På grunn av svak fruktkvalitet og sein modning er fylgjande sortar og utval ikkje tilrådde for dyrking under norske tilhøve: 1/05, 58/06, A 75, Galmac, Jugala, Crimson Crisp og Elshof.