Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2013
Abstract
Driftsgranskingane skal vise årlege resultat og meir langsiktige utviklingslinjer for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2013 tok 888 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 141 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 33 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med ein standard omsetning som minst svarer til kr 150 000. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådrag og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna vert behandla i eigne avsnitt i rapporten.