Kystlynghei og utegangarsau. Økonomi og tiltak for auka verdiskaping
Abstract
Dette notatet er ein del av prosjektet «Feral sheep in coastal heaths – developing a sustainable local industry in vulnerable cultural landscapes» som er gjennomført av Bioforsk i samarbeid med fleire andre institusjonar, mellom andre NILF. Formålet med notatet er å gje ei oversikt over økonomien i drift med utegåande sauer i kystlynghei og korleis ein kan auke lønsemd og verdiskaping for å bidra til å ta vare på denne naturtypen. Notatet tek opp to hovudspørsmål: • Korleis er økonomien i drift med utegåande sau i kystlynghei, og kva er dei viktigaste faktorane som bestemmer lønsemda? • Korleis kan ein auke verdiskapinga i denne drifsforma? Notatet skal • gje ei kort historisk oversikt over bruken av kystlyngheiane • gje ei oversikt over utegangardrift med gamal norsk sau (villsauhaldet) slik den er no • gje ei oversikt over kva villsauhaldet har å seie økonomisk • omtale av ordningar og tiltak som det offentlege har sett i verk for å ta vare på kystlyngheiane • drøfte tiltak for å styrkje næringsutvikling i villsaudrift og foredling av villsauprodukt.