Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Rogaland
Research report
Published version

View/ Open
Date
2012-10Metadata
Show full item recordCollections
- NILF Notat [338]
Abstract
Det var 7 676 landbrukseigedomar med busetting i Rogaland i 2010. I alt var 32 455 personar busette på ein landbrukseigedom. Frå 2001 til 2010 gjekk talet på jordbruksbedrifter ned frå 5 977 til 4 753. Av desse søkte 4 657 om produksjonstilskot i 2010. Rogaland har 10 prosent av jordbruksarealet i Noreg, medan ein finn 18 av kyrne, 28 prosent av slaktegrisane og 19 prosent av slaktekyllingane i fylket. Fylket har også ein stor del av veksthusproduksjonen, av norskproduserte tomater og agurkar er høvesvis 85 prosent og 32 prosent produsert i Rogaland. For jordbruket er data om storleik på produksjonen henta frå produksjonstilskotdatabasen til SLF. Det er tal dyr og areal som det er søkt produksjonsstilskot for i 2010 i kvar kommune som er utgangspunkt for berekningane. Økonomiske data er i hovudsak henta frå driftsgranskingane i jord- og skogbruk for rekneskapsåret 2010. Medan jordbruket i Rogaland i stor grad er prega av jordbruksføretak med fleire driftsgreiner på same føretaket, er produksjonen i modellen forenkla til i hovudsak å nytte tal frå einsidig produksjon. [...]