Mengd utskilt husdyrgjødsel – vurdering av normtal. Gjennomgang av norske og utanlandske tal for utskiljing av husdyrgjødsel og næringsstoff
Abstract
Talgrunnlaget for dei norske normene for mengd husdyrgjødsel og mengd utskilt næringsstoff er for det meste henta frå ulike granskingar som er gjennomførde på sytti- og åttitalet. Det er liten tvil om at det har skjedd store endringar med omsyn til faktorar som fôring, produksjon/yting per dyr og dyremateriale dei siste 20-30 åra. Det er difor behov for å sjå på normtala på nytt. Denne rapporten vurderer norske tal i høve til utanlandske verdiar. Og det vert foreslått korleis ein kan kome fram til nye normtal.