Skogressurser i Åfetdalen, Feios, Vik i Sogn 2010
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2463555Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Som ein del av prosjektet ”Frå ti til ein”, eit eigedomsoverbyggjande samarbeid for private, personlege skogeigarar i kystskogbruket, gjennomførte Skog og landskap sommaren 2010 ein ekstensiv skogtakst i Åfetdalen i Feios. Dalføret, som ligg i Vik kommune, Sogn og Fjordane, vart gjenstand for omfattande skogreising med vanleg gran i perioden 1960-1985. Det er så langt ikkje innhenta tal for skogressursane i Feios, og det vart derfor valt å gjennomføre eit takstarbeid i delar av Åfetdalen sommaren 2010. Takstmetoden som vart valt var systematisk prøveflatetakst. Flateforbandet var 200 x 200 m. Totalarealet for takstområdet var på 3086 dekar, og 2973 dekar var produktiv skog. Det ståande bruttovolumet i dag er i overkant av 82 000 m3 , kor 90 % av volumet er gran og 10 % lauv/furu. I gjennomsnitt står det i dag nærmare 28 m3 per dekar. Granskogen er enno relativt ung, hovudtyngda av bestanda er mellom 30 og 40 år i brysthøgde. Plantefelta med gran har så langt hatt ei utvikling i godt samsvar med produksjonstabellane for gran i landsdelen, og skadefrekvensen er liten. I løpet av dei neste 30 åra vil hogst av dei eldste og mest voksterlege bestanda vere aktuelt. Framskrivingar som er gjennomført, viser at det ståande volumet i 2040 vil vere på om lag 185 000 m3 . I plantefelta med gran venter ein eit gjennomsnitt på om lag 70 m3 per dekar. Med ein føresetnad om 150 kr i rotnetto per kubikkmeter er førstehandsverdien av tømmeret (slakteverdien) om lag 27,75 mill. kroner.