Husdyrbeite på Hardangervidda
Abstract
Hardangervidda har store beiteressursar. Det finst jamt gode beite for sau over det meste av Vidda. Eit dyretal tilsvarande omlag 27 000 saueeiningar beita innafor granskingsområdet i 2007, og desse bruka 37 prosent av arealet. Sentrale delar av Vidda har lite eller ikkje sau. Det er store variasjonar i dyretal mellom beitelag, men det er få lag ein har grunn til å tru har for høgt beitebelegg. Det motsette er oftast tilfelle, og dei fleste beitelag burde ha rom for ei monaleg auke av dyretalet.