Produksjonsendringar på mjølkebruk - konsekvensar for kjøtproduksjon og ressursbruk
Research report
Published version
View/ Open
Date
2009-06Metadata
Show full item recordCollections
- NILF Rapport [88]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4586]
Abstract
Sidan 2001 har produksjonen av storfekjøt vore mindre enn etterspørselen i Noreg. Fleire utviklingstrekk og prognosar tydde på at dette kunne kome til å halde fram. Geno, Nortura, TINE og Norske Felleskjøp gjekk saman om ein søknad om eit brukarstyrt innovasjonsprosjekt og fekk delfinansiering frå Noregs forskingsråd og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen. NILF har vore forskingsutførande institusjon. Prosjektet starta i 2007. Denne rapporten samanfattar resultata frå prosjektet. Kapittel 1 i rapporten er ein nærare omtale av formål, problemstilling og opplegg. Formålet med prosjektet var å undersøkje: Om og korleis ein kan påverke tilpassingane på bruk med produksjon av mjølk og storfekjøt for å halde oppe og helst auke produksjonen av storfekjøt Korleis endringar i produksjonen påverkar arbeidsforbruk, arealbruk og etterspørsel etter kraftfôr. […]