Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvennerud, Mads
dc.contributor.authorHval, Julie Nåvik
dc.date.accessioned2018-01-23T13:56:09Z
dc.date.available2018-01-23T13:56:09Z
dc.date.created2018-01-23T13:25:21Z
dc.date.issued2009-08
dc.identifier.isbn978-82-7077-752-5
dc.identifier.issn0805-9691
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2479133
dc.description.abstract2008 var året då matprisane nådde eit historisk høgt nivå, og verda opplevde både matkrise, petroleumskrise og finanskrise på same tid. Med finanskrise blei prisauke erstatta med prisnedgang, og i januar 2009 låg prisane igjen på tilnærma same nivå som før prisauken starta i midten av 2007. Korleis prisane vil utvikle seg på kort sikt avheng bl.a. av lengda på den økonomiske resesjonen vi no framleis er i, og produksjonsutviklinga i dei store produksjonslanda. For kjøt er det eksempelvis framleis forventa ein prisauke framover mens prisnedgangen det siste året har vore tydlegast for kveite, vegetabilske oljar og meieriprodukt. Prognosane for råvareprisane som vert lagt fram i dette notatet, er av ulik karakter, avhengig av kva kjelde ein nyttar. Dei ulike internasjonale organisasjonane er ikkje einige om kva veg prisutviklinga vil gå for dei ulike råvarene, og spesielt for sukker er det ueinigheit om kor vidt prisane er venta å auke eller gå ned. Det synes likevel å vere einigheit om at prisane på lang sikt (mot 2018) vil gå sakte opp mot fjorårets prisnivå. Vi kan dermed vente eit høgare prisnivå på mat dei neste ti åra, samanlikna med dagens prisar. I ein så spesiell situasjon som verda er inne i no, er det svært naudsynt å ta store atterhald når ein forsøker å analysere ein så kompleks marknad som råvaremarknaden. Utviklinga i verdsøkonomien er av stor betyding både for nasjonal og internasjonal politikkutforming, samt slutningar omkring produksjon. I tillegg er tilbod og etterspørsel av råvarer, utvikling i konsumsamansetning, urbanisering og befolkningsvekst sentrale faktorar i forhold til utviklinga i dei internasjonale råvareprisane. Her spelar land som Kina og India ei sentral rolle. I løpet av ei to siste åra vert det også tydeleg kor tett ulike marknader er knytte saman. Energimarknaden og petroleumsprisane har vist seg å vere av stor betyding for utviklinga i råvareprisane, då energi inngår som ein sentral del av kostnadssida til bonden, både gjennom drivstoffutgifter, men også indirekte som ein faktor i kunstgjødselprisane. Det inngår også som transportkostnad ved handel over store geografiske avstandar. Marknaden for bioenergi er også sentral når det gjeld matvareprisane. Biodrivstoff er ei konkurrerande energikjelde for petroleum, og etterspørselen varierer med petroleumsprisen. Viss store jordbruksavlingar blir nytta til bioenergi framfor mat til konsum, vil dette påverke det globale tilbodet av mat, og dernest også prisane. Spesielt er varer som mais og kveite viktige. […]nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskningnb_NO
dc.relation.ispartofNotat (Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning : trykt utg.)
dc.relation.ispartofseriesNILF Notat;2009-13
dc.titleAukande usikkerheit omkring prisar på internasjonale jordbruksråvarernb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agricultural sciences: 910nb_NO
dc.source.pagenumber39nb_NO
dc.source.issue13nb_NO
dc.identifier.cristin1549960
dc.relation.projectNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskning: A623nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel