Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Hordaland og Sogn og Fjordane
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2479134Utgivelsesdato
2009-10Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NILF Notat [338]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4589]
Sammendrag
Formålet med analysen har vore å vise utviklingstrekk for jordbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane og å kartlegge verdiskaping, omsetning og sysselsetting innan hovudproduksjonane i jordbruket på fylkes- og kommunebasis. Også for skogbruk er verdiskaping kartlagt på kommunebasis, medan ein for tilleggsnæring har kartlagt verdiskaping på fylkesnivå. Vestlandsjordbruket er prega av mange små driftseiningar, med grovfôrbasert husdyrhald som bærande produksjonar. Det siste tiåret er talet jordbruksbedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane redusert med høvesvis 39 prosent og 35 prosent. Dette er noko meir enn reduksjonen på landsbasis som var på 31 prosent i same perioden. Dei to fylka har også hatt større prosentvis nedgang i dyretal både for mjølkekyr og sau enn landsgjennomsnittet. Jordbruket i dei to fylka har heller ikkje hatt like rask strukturendring som andre delar av landet. I Hordaland er gjennomsnittleg storleik på bruk med mjølkekyr auka med 41 prosent i perioden, til 15,1 kyr per bruk. I Sogn og Fjordane auka kutalet med 43 prosent i perioden, til 14 kyr i gjennomsnitt, medan landsgjennomsnittet auka med 50 prosent til 19,8 kyr per bruk. For sauehaldet auka dyretal per bruk med 32 prosent i Hordaland og 31 prosent i Sogn og Fjordane. Samstundes auka dyretal per bruk med 43 prosent i gjennomsnitt for landet. I 2008 var gjennomsnittsbuskapen av sau høvesvis 49,8 vinterfôra sauer i Hordaland, 55,2 i Sogn og Fjordane og 69,9 i gjennomsnitt for landet. Frukt- og bærproduksjon er svært viktig i nokre av vestlandskommunane. I 2008 var 35 prosent av eplearealet i landet, 49 prosent av pærearealet, 49 prosent av plommearealet og 43 prosent av arealet med søt- og surkirsebær lokalisert i Hordaland, det meste i Ullensvang kommune. Sogn og Fjordane har ein omfattande bringebærproduksjon. Dei siste 10 åra er arealet auka med 34 prosent. Også produksjonsomfanget er redusert for viktige produkt, men ikkje i same grad som nedgangen i brukseiningar og dyretal. Vestlandsbonden har hatt om lag same trenden i økonomisk utvikling som resten av landet i perioden 1998-2007, men nivået har lege kr 20 000 25 000 under landsgjennomsnittet. Verdiskaping frå jordbruket, rekna som nettoprodukt inkl. tilskot, er berekna til 562,5 mill. kr for Hordaland og 606 mill. kr for Sogn og Fjordane. I Hordaland er det Voss som har høgast verdiskaping med 78,5 mill. kr. Deretter følgjer Ullensvang (64,4 mill. kr), Kvinnherad (56,1 mill. kr), (Kvam 51,6 mill. kr) og Etne (46,2 mill. kr). Gloppen er kommunen med høgaste verdiskapinga i Sogn og Fjordane med 73 mill. kr, følgt av Stryn (59,2 mill. kr), Luster (47,3 mill. kr), Jølster 41,4 mill. kr) og Sogndal (37,8 mill. kr). […]