Utmarksbeite - kvalitet og kapasitet
Abstract
Utmarksbeite er eit viktig grunnlag for norsk landbruk. I alt blir 2 millionar sau, 230 000 storfe og 60 000 geit sleppt i utmark. Til saman blir det hausta fôr til ein verdi av nesten 1 milliard kroner kvart år. Om lag 40 prosent av norske gardsbruk i drift slepper dyr i utmark. Bruk av utmarka er utnytting av lokale, fornybare ressursar, det gjev høve til produksjon av lokalt særeigne produkt og det er ein dyrevenleg måte å produsere kjøt på. For å få mest muleg att for beitebruken i utmark er det viktig å ha kunnskap om ressursgrunnlaget.