Økonomien i jordbruket på Vestlandet
Abstract
«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår omlag 1 000 bruk over heile landet kvart år. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkjande publikasjonen. I tillegg er det stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Vestlandet samtidig som det er ei målsetjing for NILF å gjere dataene lettare tilgjengelege. Notatet kom før første gang ut med talmateriale basert på 1997- rekneskap.
Denne utgåva inneheld mykje av det samme stoffet. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I denne perioden har det delteke omlag 60 bruk frå kvart av fylka i granskinga. Dei økonomiske dataene i 10-årstrendane i kapittel tre er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktane i tabellsamlinga inneheld nominelle kroner frå kvart av åra. Nokre av gruppene er små og vil variere noko mellom år på grunn av dette. Kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5–10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. I tillegg er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.