Timoteisortar for Nord-Noreg og fjellbygdene
Research report
Published version

View/ Open
Date
2006Metadata
Show full item recordCollections
- Bioforsk Fokus [91]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4303]
Abstract
Timoteisortane ‘Engmo’, ‘Vega’ og ‘Noreng’ og foredlingslinjene ‘GpTi8905’, ‘LøTi8801’ og ‘LøTi9001’ er testa i reinbestand på åtte felt i Nord-Noreg og i fjellbygdene på Austlandet i tidsrommet 1999-2005. Alle sortane viste seg å vera tilstrekkeleg hardføre i prøvetida. Det var ikkje sikker forskjell mellom sortar i avling i førsteslåtten, medan ‘Vega’ og ‘Noreng’ hadde størst gjenvekst. Det var liten forskjell i fordøyelegheit mellom sortane. Fiberkvaliteten målt på NIRS kalibrert etter totalt ufordøyeleg NDF målt med in sacco-metoden var dårlegast hos ‘Vega’. ‘Noreng’ hadde bra fiberkvalitet, men lågare innhald av vassløyseleg karbohydrat enn ‘Engmo’. Forsøket viser at forskjellen mellom nordlege sortar og foredlingslinjer av timotei er liten, og at det derfor bør vera nok med ein nordleg sort i marknaden. Timoteisortar for Nord-Noreg og fjellbygdene Timothy varieties for northern Norway and mountain districts