Arealrekneskap for Noreg - Fjellet i Hedmark
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2557711Utgivelsesdato
2005-03-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4467]
Sammendrag
Prosjektet ”Arealrekneskap for Noreg” har som mål å gje ein nasjonal dokumentasjon av arealdekke, arealbruk, vegetasjon og naturtypar i Noreg. Eit av tiltaka er ei utvalskartlegging av arealressursar. Den praktiske metoden for denne kartlegginga tek utgangspunkt i eit nettverk av storruter på 18 × 18 kilometer som er lagt ut i kartprojeksjonen UTM-33/ WGS84. I sentrum av kvar storrute er det plassert ei feltflate på 1500 × 600 meter (0.9 km2). Arealressurskartlegging på flatene foregår etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå. Denne rapporten dokumenterer resultat frå ei utvalskartlegging utført for fjellområda i Hedmark. Fjellet i Hedmark er heilt dominert av fattig heivegetasjon, ofte med høg lavdekning. Spesielt for fylket er den store forekomsten av alpin røsslynghei. Berre 2,5% av arealet høyrer til rike engsamfunn som er dei viktigaste areala både med omsyn til beite og biologisk mangfald. Eit skarpt bergartsskilje skapar store forskjellar i artsrikdom og produktivitet frå det rike fyllittområdet i nord til fattig sandstein i midtfylket.