Vegetasjon og beite i Gausdal vestfjell. Revsjø/Liumseterhamna, Dokklihamna, Tverrlihamna og Ormtjernkampen nasjonalpark med foreslåtte utvidingsområde. Rapport frå vegetasjonskartlegging
Research report
Published version
View/ Open
Date
2002-03-05Metadata
Show full item recordCollections
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4586]
Abstract
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utførte sommaren 2001 vegetasjonskartlegging av eit samla område på 152 km² i Gausdal vestfjell i Oppland fylke. Kartlegginga omfattar 6 ulike delområde. 3 hamner for husdyrbeite (Revsjø/Liumseterhamna, Dokklihamna og Tverrlihamna) samt eit areal mellom Revsjø/Liumseterhamna og kommunegrensa mot Øystre Slidre er kartlagt på oppdrag frå Gausdal fjellstyre. Målsettinga med dette oppdraget var først og fremst å utføre ei beitevurdering som kunne gje opplysningar om beitetilstand og kor stort dyretal som kan rommast innafor dei tre hamnene. Ormtjernkampen nasjonalpark med foreslåtte utvidingsområde er kartlagt på oppdrag frå Fylkesmannen i Oppland, miljøvernavdelinga. Denne kartlegginga skal tene som reiskap i forvaltning av det verna området og vera grunnlag i diskusjonen om foreslått utviding. Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000. Feltarbeidet er utført av Anders Bryn, Johnny Hofsten, Hans Petter Kristoffersen og Yngve Rekdal. I tillegg til vegetasjonskartet er det utarbeidd fire avleidde temakart. Kartkonstruksjon er utført av Asbjørn Bollandsås og kartpresentasjon av Roar Lågbu. Geir Steinheim ved Institutt for husdyrfag ved Norges landbrukshøgskole har bearbeidd data frå sauekontrollen. Foto er tekne av underteikna med mindre anna er nemnt.