Vegetasjon og beite i Sør-Fron vestfjell - Ryssland-Skurdal, Nordre Lia og Søre Lia grunneigarlag. Rapport frå vegetasjonskartlegging
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2560244Utgivelsesdato
1999-02-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4610]
Sammendrag
Norsk Institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har vegetasjonskartlagt eit område på 234 km² i Sør-Fron kommune i Oppland. Kartlegginga omfattar grunneigarlaga Ryssland - Skurdal, Nordre Lia og Søre Lia, og er utført på oppdrag frå Fron idèforum. Målet med kartlegginga er å skaffe grunnlag for fleirbruksplanlegging i eit område med fleire sterke arealinteresser som beite, reiseliv/friluftsliv og hytteutbygging. Det meste av arealet ligg i bjørkeskogbeltet, noko går ned i barskogen og mindre areal er snaufjell. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 5 avleia temakart. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med spesiell vekt på beiteforhold for husdyr.