25 år med landbrukspolitiske reformer i Sveits – ein kontinuerleg og målretta reformprosess
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2567505Utgivelsesdato
2018-10Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [1030]
- NIBIO RAPPORT [1504]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4582]
Sammendrag
Føremålet med denne rapporten er å gje eit grundig innsyn i den landbrukspolitiske reformprosessen som har gått føre seg i Sveits sidan tidleg 1990-tal og litt om utviklinga i sveitsisk jordbruk. Måla for landbrukspolitikken er nedfelt i grunnlova som slår fast at jordbruket gjennom ein berekraftig og marknadstilpassa produksjon skal medverka til sikker matvareforsyning for folket, oppretthalding av det naturlege livsgrunnlaget, pleie av kulturlandskapet og elles medverka til spreidd busetjing i landet. Det multifunksjonelle jordbruket står sentralt i Sveits. Ein sentral del av reformprosessen har vore introduksjonen av målretta støtteutbetalingar som betaling for produksjon av fellesgode som matvaresikkerheit, kulturlandskap, biodiversitet og busetjing i distrikta.