Markslagsklassifikasjonen for økonomisk kartverk. Definisjonar og forklaringar
Abstract
Det Økonomiske kartverket er etter kvart kome i bruk i ein del område. I samband med det har ein fått spørsmål om orientering om markalagsklassifikasjonen.
I dette notat vil ein finne definisjonar og kort forklaring til markslagsklassifikasjonen utfrå gjeldande retningslinjer.
Stortinget vedtok oppretting av Økonomisk kartverk i mai 1964. Dei detaljerte retningslinjer for innhald i kartverket blei deretter utforma av eit særskilt utval under Kartrådet og godkjent av samferdselsdepartementet. Markslagsklassifikasjonen er ein del av dette kartinnhaldet, og blei utarbeidt på grunnlag av prøvearbeid av eit særskilt utval oppnemnd av Landbruksdepartementet. I Stortingsmelding nr. 74 1964/65 er det gjort greie for denne markslagsklassifikasjonen.