Etablering av blomstereng i Rogaland
Original version
NIBIO POP. 2020, 6 (34), .Abstract
Fleire og fleire, både offentlege etatar og private hageeigarar, ønsker no å bytte ut kortklipt plen med artsrike blomsterenger. Nokon grunngjev dette med at blomstereng er mindre arbeidskrevjande enn plen fordi den skal slåast berre ein gong i sesongen. Andre vil legge forholda til rette for pollinerande insekt. Uansett motiv vil ei blomstereng vere eit nyttig bidrag for å auke mangfaldet av insekt og planteartar. Pollinerande insekt er avhengige av eit stort mangfald av blomsterartar for å sikre seg mat (nektar og pollen) gjennom heile sesongen. På den andre sida er humler og andre villbier, sommarfuglar, biller og blomsterfluger nødvendige for at blomstrande planter skal kunne formeira seg.