• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for bioøkonomi
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for bioøkonomi
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Tidleg vårgjødsling og hausting av eng - Effekt på avling, fôrkvalitet, næringsstoffbalanse og økonomi

Steinshamn, Håvard; Kvifte, Åsmund Mikalsen; Rivedal, Synnøve
Research report
Published version
Thumbnail
View/Open
NIBIO_RAPPORT_2025_11_76.pdf (3.583Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/3197715
Date
2025
Metadata
Show full item record
Collections
  • Divisjon for matproduksjon og samfunn [1132]
  • NIBIO RAPPORT [1645]
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4942]
Abstract
Formålet med arbeidet var å teste effekten av tidspunkt for vårgjødsling og for førsteslått på avling, fôrkvalitet og dyrkingskostnader for eng i Vestland fylke. Eit treårig feltforsøk (2022–2024) vart gjennomført ved NIBIO sin forskingsstasjon på Fureneset, der Tidleg og Standard tid for både vårgjødsling og førsteslått blei samanlikna. Tidspunkt for Tidleg vårgjødsling var gjort ved estimert vekststart om våren medan Normal tid for vårgjødsling var 3-4 veker seinare. Tidleg førsteslått var definert som hausting ved 475 døgngrader etter vekststart og Standard til for førsteslått skulle takast 50 døgngrader etter det. Andreslåtten var planlagt 500 døgngrader etter både Tidleg og Standard tid for førsteslått, medan tredjeslått skulle vere i månadsskiftet august-september for alle forsøksfaktorane. Resultat viste at Tidleg vårgjødsling gav i gjennomsnitt 39 % høgare avling i førsteslåtten og 15 % høgare årsavling samanlikna med normal vårgjødslingstid. Tidleg førsteslått gav noko lågare årsavling, men høgare fôrkvalitet, spesielt med tanke på proteininnhald og fordøyelegheit. Tidleg vårgjødsling gav betre nitrogenutnytting, uttrykt som tørrstoffavling per kg nitrogen tilført, men effekten av både tidspunkt for vårgjødsling og førsteslått på nitrogen- og fosforbalansen varierte med engår. Tidleg vårgjødsling reduserte grovfôrkostnadene, men auka behovet for kraftfôr i rasjonen til mjølkeku. Det gjorde at dei totale fôrkostnadane var omtrent like for begge strategiar. Ved avgrensa areal per kvoteliter er tidleg gjødsling og standard slåttetid mest lønnsamt, men ved godt arealgrunnlag kan dyrkingsstrategi med normal tid for vårgjødsling og tidleg førstlått gje betre fôrkvalitet, lågare kraftfôr- og totale fôrkostnader. Konklusjonen er at tidleg vårgjødsling kan gje større avling og betre utnytting av vekstsesongen, men at økonomisk gevinst avheng av mjølkegarden sitt arealgrunnlag og produksjonsmål.
 
Tidleg vårgjødsling og hausting av eng - Effekt på avling, fôrkvalitet, næringsstoffbalanse og økonomi
 
Publisher
NIBIO
Series
NIBIO Rapport

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit