Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMilford, Anna Birgitte
dc.date.accessioned2016-02-22T07:45:42Z
dc.date.accessioned2016-02-22T07:59:38Z
dc.date.available2016-02-22T07:45:42Z
dc.date.available2016-02-22T07:59:38Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationNIBIO Rapport. 31 p. NIBIO, 2016
dc.identifier.isbn978-82-17-01603-8
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2379826
dc.description-
dc.description.abstractDet er langt større etterspurnad enn tilbod av norskproduserte eple. Ein metode for å auke produksjonen, er å skaffe kunnskap som kan gi betre grunnlag for økonomisk rådgjeving av epleprodusenter. Det er også viktig å betra dei verktøy som nyttast av fruktnæringa til mellom anna prognoser for levering av frukt. FruktKlient er eit dataverktøy nytta av fruktnæringa, og som har potensiale til å kunne nyttast i eit større forskingsprosjekt. Hovudformålet med forprosjektet var å sjå på høvet for å systematisere og ta i bruk eksisterande data som er samla inn gjennom verktøyet FruktKlient, og i kva grad denne informasjonen kan nyttast til å gjere statistiske og økonometriske analysar. Ei anna målsetjing var å analysere kvalitativ informasjon frå opne intervju med produsentar under gardsbesøk i samband med «DyrkSmart», som gjev meir detaljert innsikt i problemstillingar rundt det å vere fruktdyrkar. Gjennom kvalifiseringsprosjektet har vi funne ut at det er mogleg å kopla saman og ta i bruk data frå FruktKlient til statistiske og økonometriske analysar utan altfor store kostnader. Dei preliminære analysane viser også at det ikkje er så store feilkjelder i dette datasettet at dei ikkje kan gje interessante resultat. Vi finn at ulike faktorar, som plantealder, treavstand og sort, har den påverknaden ein kan forvente på avlingsresultat. Den preliminære analysen viser også at det er mange dyrkarar som ikkje har lagt inn data frå felta sine i FruktKlient. Dette tyder på at det er naudsynt å arbeide med dette verktøyet for å motivere fleire til å gjere dette. Den foreløpige analysen med dei kvalitative data gjev oss innsikt i korleis dei ulike dyrkarane ser på både dei økonomiske sidene og andre sider ved fruktdyrking. Alt tyder på at fleirtalet er relativt nøgde med den økonomiske situasjonen for tida, og det er ingen som er misfornøgde med prisar og marknad. I den grad ein ikkje lukkast, skuldast det i stor grad særskilde forhold for den enkelte dyrkar, som anten at enkelte felt ikkje gjer gode nok avlingsresultat, eller at dei ikkje har den tida dei skulle hatt til å drifte garden optimalt. I tillegg nemner ein del klima og vêr som eit problem. Sjølv om det er tydeleg at økonomiske forhold ikkje er det som motiverer folk til å starte opp med og fortsetje med fruktdyrking, så kjem det i fleire tilfelle fram at auka lønsemd kan få fleire til å satse meir og utvide produksjonen. Prosjektet vart gjennomført som planlagt i tråd med prosjektsøknaden. Funna frå forprosjektet tilseier at datasettet laga frå FruktKlient kan utviklast og nyttast i eit større forskingsprosjekt. Her vil det bli mogleg å gjere meir djuptgåande analyser med meir avanserte økonometriske metodar, der også andre faktorar vert trekte inn. Til dømes kan ein sjå nærare på kvalitet og pris, og ein kan også sjå på påverknaden frå andre variablar som ikkje er lagt inn i klienten til no, så som til dømes arbeidstid og bruk av ulike arbeidsmetodar, bruk av sprøytemidlar, samt jordkvalitet og vêr og klima. Meir djuptgåande analysar vil gjere det mogleg å seie med større sikkerheit kva som har påverknad på dyrkaranes økonomiske resultat, og dermed kunne gje indikasjonar på kva strategi det er tilrådelig å følgje for ulike dyrkarar. I eit større prosjekt vil det også bli mogleg å utvikla FruktKlient slik at dyrkarane kan sjå resultat frå ulike analyser relatert til felta sine, når dei er logga inn på brukarkontoen sin. Dette vil kunne auke interessa for FruktKlient og motivere fleire til å legge inn data, noko som igjen vil gje meir presise resultat frå analysane.
dc.language.isonno
dc.titleØkonomi i epledyrking i Vest. Resultat frå forprosjekt
dc.typeResearch report
dc.date.updated2016-02-22T07:45:42Z
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210::Samfunnsøkonomi: 212
dc.subject.nsiVDP::Social sciences: 200::Economics: 210::Economics: 212
dc.identifier.cristin1338486
dc.subject.keywordFrukt / Fruit
dc.subject.keywordProduksjon / Production


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel