Avling og avlingskvalitet i økologisk dyrka gras-raudkløvereng - samla analyse av eldre forsøksdata
Steinshamn, Håvard; Adler, Steffen Andreas; Frøseth, Randi Berland; Lunnan, Tor; Torp, Torfinn; Bakken, Anne Kjersti
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2437108Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Bioforsk Fokus [91]
Sammendrag
Det er behov for å vite kva ein kan vente seg av avling og avlingskvalitet i økologisk dyrka eng til bruk i taktisk og strategisk planlegging av økologisk mjølkeprodukjson. Formålet med dette arbeidet var å utnytte eksisterande forsøksdata til å kvantifisere avlingsmengd og avlingskvalitet i økologisk dyrka gras-raudkløver eng. Det blei gjort ved å analysere materialet samla statistisk. Drivvariablar vi kunne teste effekt av, var utviklingssteg i førsteslåtten, vekstperiode (temperatursum) mellom slåttane, kløvermengd i avlinga og tal slåttar. Med grunnlag i resultat i frå dei statistiske analysane estimerte vi avlingsnivå og avlingskvalitet i eng for eit tenkt praktisk senario for Midt-Norge. Vi samanlikna to og tre slåttar, der førsteslåtten blir teke ved byrjande skyting hos timotei i eit treslåttsystem og ved full skyting i eit toslåttsystem. Vidare samanlikna effekt av to kløvernivå i prosent av totalavlinga, høvesvis 10 og 30 % i førsteslåtten, 10 og 50% i andreslåtten, 10 og 50% i tredjeslåtten og 10 og 40% i samla årsavling.
Utviklingssteget og innhaldet av kløver hadde sterk effekt på avling og fleire mål på avlingskvalitet i førsteslåtten. Som venta auka avlinga, både av tørrstoff og energi, og fôrkvaliteten gikk ned med aukande utviklingssteg. Ei utsetting av førsteslåtten frå slått ved byrjande skyting hos timotei til full skyting gav ei avlingsauke på om lag 29% og nedgang i konsentrasjonen av netto energi laktasjon (NEL) (9%), råprotein(RP) (29%), protein balansen i vom (PBV) (44%) og aminosyre absorbert i tarm (AAT) (7%) og auka innhald av nøytralt løyseleg fiber (NDF) (11%) og ufordøyeleg NDF (uNDF) (32%). Ein auke i kløverinnhaldet i frå 10 til 30% auka avlinga med 14%, og auka avlingskonsentrasjonen av RP (17%), PBV (40%), uNDF (10%) og reduserte NDF-innhaldet (6%).
Tidspunkt for førsteslått hadde også effekt på både avlingsnivå og fôrkvaliteten i gjenveksten. Generelt gav tidleg førsteslått høgare avlingsnivå og dårlegare avlingskvalitet i gjenveksten enn sein førsteslått. Vidare var nedgangen i innhaldet av RP og PBV i gjenvekstavlinga sterkare ved sein enn tidleg førsteslått, medan nedgangen i NEL og AAT og auken i NDF-nivået var sterkare dess tidlegare førsteslåtten vart teken. Men ved normalt tidspunkt for andreslått, var det relativt liten forskjell i avlingsnivå og avlingskvalitet hos gjenveksten i treslåttsystem (førsteslått ved byrjande skyting) og toslåttsystem (førsteslått ved full skyting). Andreslåtten i treslåttsystemet hadde om lag 10% høgare avling, hadde lågare innhald av RP (3%), PBV (8%) og uNDF (4%) og høgare innhald av NDF (6%). Som i førsteslåtten hadde kløver sterk effekt både på avling og avlingskvalitet i gjenveksten. Ein auke i kløvermengd i frå 10 til 50% gav 60% auke i avling, høgare innhald av RP (21%), PBV (110%) og uNDF (45%) og lågare innhald av NEL (4%) og NDF (7%).
Det var liten effekt av tal slåttar (slåttesystem) på samla årsavlinga (TS og NEL) når kløverinnhaldet i avlinga var høgt (40%), men ved lågt kløverinnhald (10%) gav to slåttar 8% større TS-avling og 4% større energiavling enn tre slåttar. Det var liten praktisk effekt av slåttesystem på energiverdien (NEL) av årsavlinga. Elles gav tre slåttar i gjennomsnitt 10% høgare RP-innhald, 4% lågare NDF-innhald og 10% lågare uNDF-innhald i årsavlinga enn to slåttar. Kløverinnhaldet hadde sterk effekt på årsavling og avlingskvalitet av årsavlinga, og i gjennomsnitt gav høgt kløverinnhald (40%) 30% større avling, 1% lågare NEL-konsentrasjon, 24 % høgare proteininnhald, 9% lågare NDF-innhald og 21% høgare uNDF-innhald enn lågt kløverinnhald (10%). Lengda på gjenvekstperioden etter første-slåtten hadde ingen sikker effekt på årsavling, men ein auke i gjenvektperioden etter førsteslåtten reduserte energiverdien og innhaldet av RP, PBV og AAT og auka innhaldet av NDF og uNDF. Nedgangen i NEL og AAT i årsavlinga med auka vekstperiode etter førsteslåtten var som i gjenvekstavlinga sterkare etter tidleg enn sein førsteslått, medan nedgangen i innhaldet av RP og PBV og auken i NDF-innhaldet i årsavlinga med auka gjenvekstperiode etter førstelått var sterkare etter sein enn tidleg førsteslått.