Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDaugstad, Kristin
dc.coverage.spatialNorge, Oppland, Øystre Slidrenb_NO
dc.date.accessioned2017-06-09T16:22:23Z
dc.date.available2017-06-09T16:22:23Z
dc.date.created2014-03-04T09:37:46Z
dc.date.issued2013-02-15
dc.identifier.isbn978-82-17-01059-3
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2445622
dc.description.abstractEngvekstene sine genetiske ressursar finn vi både som moderne sortar, tradisjonelle sortar (også kalla landsortar), populasjonar som har forvilla seg frå dyrka mark og villtveksande populasjonar. I tillegg har vi ville nærbeslekta artar. Sidan dyrking av engvekster vart vanleg i Norge har dei sameksistert med ville engvekster, og dei har i større eller mindre grad utveksla genetisk materiale. Dei ulike artane av engvekster har ulike eigenskapar når det gjeld næringskrav, formeiring, overvintringsevne, toleranse for slått og beite etc. Artsinventaret i ei eng vil variere deretter. Det er viktig å velje bevaringsform utifrå artane sine eigenskapar. Generelt er det tre tilnærmingar for in-situ bevaring av enger: 1) insitu bevaring av registrerte ekstensive kulturmarkseng-lokalitetar, 2) in-situ bevaring av hittil uregistrerte kunstmarkseng-lokalitetar og 3)«on-farm» frøproduksjon. Mange engvekster kan bevarast in-situ i slåttemarker og naturbeitemarker (kalla kulturmarkseng i følgje NiN). Dette er lokalitetar som er kartlagt av kommunane pga stort biologisk mangfald, særleg på artsnivå, og som også huser mange sjeldne artar. Sidan desse lokalitetane er tradisjonelt drevne, med høyslått og lite gjødsel er det dei nøysame engvekstene ein kan finne her som gulaks, enghavre, dunhavre, sauesvingel, tiriltunge og ulike vikker, men også engkvein og raudsvingel. For meir næringskrevande artar som engrapp, bladfaks og strandrør, samt hundegras og engrevehale, bør ein finne lokalitetar som er meir gjødsla, og dermed har eit lågare artsmangfald men med større populasjon av dei nemnte artane. Dette kan både vere permanente beiter, men som ofte har vore overflatedyrka ein gong, og langvarig fulldyrka eng. Begge typene blir i NiN kalla kunstmarkseng. Det er også sannsynleg at populasjonar av artar som engkvein, raudsvingel og belgvekster, som er vanlege i både gjødsla og ugjødsla enger, har ulike eigenskapar pga ulik miljøtilpassing. For engvekster som baserer seg på stor frøproduksjon og relativt få leveår, som timotei, engsvingel, raudkløver og raigras, vil den beste bevaringsformen vere hyppig fornying av enga men med eigenprodusert frø (onfarm). Det vil alltid vere unntak frå det generelle, og det er viktig at eventuelle «spesialtilfelle» blir sett på då det kan huse engvekstpopulasjonar med spesielle eigenskapar. I tillegg til fortsatt registrering av artsrik kulturmarkseng, blir det foreslått at det gjennom Fylkesmannens landbruksavdeling blir etterlyst lokalitetar med kunstmarkseng. Desse engene må ikkje vere pløyd på minst 10 år, innehalde minst 70 % engvekster og maks 10 % gjengroingsvekster (bringebær, geitrams, brennesle). Avlinga skal vere nytta til dyrefor, enten som vinterfor eller beita. Dersom enga berre blir beita må den i tillegg jamnleg bli beitepussa eller brent. Desse krava blir satt for å sikre at engene er i drift! Gjerne gjødsla men gjødsling er ikkje eit absolutt krav. Innkomne forslag må prioriterast, skjøtselplan utarbeidast og tilskot utbetalast. Enger med kort omløp med eigenprodusert frø eksisterer det eit prosjekt for allereie, med unntak av raigras. Det vil vere aktuelt å inkludere raigras i samarbeid med planteforedlarar som ei prebreeding eller «participatory plant breeding» prosjekt. Det bør følgje tilskot også til dette tilsvarande som ovanfor, samt vere krav til driftsplan.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherBioforsknb_NO
dc.relation.ispartofBioforsk Rapport
dc.relation.ispartofseriesBioforsk rapport;8(27) 2013
dc.relation.urihttp://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/108650/Bioforsk%20RAPPORT%208%20(27).pdf
dc.subjectEngveksternb_NO
dc.subjectgenetiske ressursarnb_NO
dc.subjectkunstmarksengnb_NO
dc.titleGenetiske ressursar i engvekstene. In-situ bevaring av kunstmarksengnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Planteforedling, hagebruk, plantevern, plantepatologi: 911nb_NO
dc.source.pagenumber33nb_NO
dc.source.volume8nb_NO
dc.source.issue27nb_NO
dc.identifier.cristin1119877
dc.relation.projectBioforsk: 130112.31nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel