Mengd utskilt husdyrgjødsel – nye standardtal
Abstract
På grunn av store endringar i driftsopplegg er det grunn til å tru at gjeldande standardtal for utskiljing av gjødsel og næringsstoff frå ulike dyreslag ikkje stemmer lenger. I denne rapporten har ein tatt utgangspunkt i eit arbeid ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap (IHA) på UMB. Føremålet til IHA var å ajourføre standardtall for gjødselmengder og utskilt mengd N, P og K for ulike kategoriar av husdyr. I IHA-prosjektet vart mengd utskilt gjødsel oppgitt som kg gjødseltørrstoff per dyr eller per båsplass. I denne rapporten har ein rekna om mengdene til fersk gjødsel, og ein har drøfta kva ulik tilsetjing av vatn kan ha å seie for totalmengda av gjødsel.