Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaukås, Torbjørn
dc.coverage.spatialNorge, Hordalandnb_NO
dc.date.accessioned2017-07-19T16:55:44Z
dc.date.available2017-07-19T16:55:44Z
dc.date.created2017-06-19T17:11:58Z
dc.date.issued2012-09
dc.identifier.isbn978-82-7077-833-1
dc.identifier.issn0805-9691
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2449067
dc.description.abstractNorsk institutt for landbruksøkonomisk forsking har på oppdrag frå Storfeprosjektet i Hordaland utført ei oppfølging av eit tidlegare prosjekt. Resultat frå spørjeundersøking, gjennomgang av driftsplanar og rekneskapsresultat for 2009 er presentert i NILF-notat nr. 2012-3. I denne omgangen er det berre rekneskapsresultat frå 2010 og endringar frå 2009 til 2010 som er presenterte. Undersøkinga er gjort med støtte frå landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge. Det er samla inn rekneskapar for 2010 for i alt 9 produsentar i Hordaland som hadde ei større bruksutbygging i perioden 2005–2008. Produsentane er dei same som i førre undersøkinga, og er spreidde over heile fylket. Dei hadde mjølkeleveranse frå 121 000 og 548 000 liter i 2010. Det var med i alt 5 samdrifter og 4 enkeltbruk. For samdrifter er det samla inn rekneskap frå selskapet og dei aktive deltakarane. I utvalet var det med 6 robotfjøs og 3 utan robot. Resultatet frå rekneskapsanalysen viser at det er stor spreiing i resultatet mellom dei ulike produsentane. Sidan utvalet er såpass lite, har vi konsentrert oss om to grupper, dei fire produsentane med best og dei fire med svakast resultat målt i vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk. Høggruppa oppnådde kr 328 400 medan låggruppa oppnådde kr 45 500 per årsverk. Prosjektdeltakarane oppnådde i middel kr 180 000 per årsverk i vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk. Det er det same resultatet som vart oppnådd i 2009. Dette er kr 40 000 per årsverk svakare enn mjølkeprodusentane i driftsgranskingane for Vestlandet i 2010. Fordi utvalet er lite, er det grunn til å vere forsiktig med å generalisere ut frå desse resultata. Resultata er for det meste utrekna per årsku då det er stor skilnad i produksjonsomfang blant dei utvalde produsentane. Vi har også delt inn produsentane etter om dei hadde robot eller ikkje, om dei var i samdrift eller enkeltprodusentar. Nokre av produsentane hadde svake resultat, og kan karakteriserast som utsette både under dagens rammevilkår og særleg ved eventuelle endringar i rammevilkår. [...]nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskningnb_NO
dc.relation.ispartofNotat (Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning : trykt utg.)
dc.relation.ispartofseriesNILF Notat;2012-16
dc.titleUtbyggingsbruk i Hordaland. Del 2nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agricultural sciences: 910nb_NO
dc.source.pagenumber40nb_NO
dc.source.issue16nb_NO
dc.identifier.cristin1477313
dc.relation.projectNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskning: D862nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel