Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVangdal, Eivind
dc.contributor.authorKnutsen, Iren
dc.contributor.authorKvamm-Lichtenfeld, Kristin
dc.date.accessioned2017-07-26T14:11:04Z
dc.date.available2017-07-26T14:11:04Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.isbn978-82-17-01294-8
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2449424
dc.description.abstractNjøs næringsutvikling har leia prosjektet «Kvalitetskompost til bruk i frukt og bærhagar». Som del av dette prosjektet har Bioforsk Ullensavang utført forsøk med kompost i den økologiske frukthagen på Ernes i Ullensvang. I 2011 vart det lagt ut forsøk med tilførsel av ulike mengder kompost langs trerekkjene, og effekten av nedmolding etter spreiing vart undersøkt. I eit nytt forsøk vart det i 2012 fresa ned ulike mengder kompost før planting av eit nytt eplefelt. I begge forsøka vart det teke ut prøver for vanlege kjemisk analyse av viktige næringsstoff i jord og blad. Avling og fruktkvalitet vart registrert når det var avling i forsøksfelta. Tilvekst vart målt som skotlengde og stammeomkrins. Målingane av tilvekst i 2013 og målingar av mineralisert nitrogen i feltet hausten 2013 er ikkje klart når arbeidet med denne rapporten er avslutta (18. februar 2014). Det vart teke ut prøve av jorda av dei ulike rutene for vurdering av den biologiske aktiviteten i jorda. Desse analysene vart gjort av Vital analyse. Lindum Bioplan har delteke i diskusjonane om opplegget, og levert komposten som vart nytta. Det var ulike kompostar som vart brukt i dei to forsøka. Komposten som vart nytta i 2011 var lite omdanna, medan komposten som vart nytta vart rekna som særleg godt kompostert masse. Resultat: Tilførsel i etablert felt: • Komposten tilførde næring til feltet. Der det var tilført kompost, var det meir tilgjengeleg nitrogen for plantene. Dette førde til auka vekst. • Det var klarare utslag der komposten var molda ned. • Andre og tredje året hadde auka vekst ført til reduksjon i tilgjengeleg mineralemne i jorda. Dette såg ein og i bladanalysane. • Der det var tilført kompost fekk ein større avling og fruktkvaliteten var som ein ville forventa med meir plantetilgjengeleg nitrogen: grønare eple med mindre oppløyst turrstoff m.m. Nedmolding av kompost før planting • Komposten tilførde næringsstoff, men nitrogenverknaden var negativ i etableringsåret (omdanningsprosessar i jorda som brukte nitrogen?) • Feltet bør fylgjast eitt år til Det er ikkje signifikante skilnader mellom dei ulike ledda med omsyn til dei faktorane Vital analyse målte. Det ville vore ynskjeleg å gjera registreringar i feltet også i komande sesong, særleg i feltet der det var tilført kompost før planting. Her har ein berre registreringar i ein sesong.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherBioforsknb_NO
dc.relation.ispartofseriesBioforsk rapport;9(96) 2014
dc.titleBruk av kompost i eit økologisk fruktfelt. Forsøksresultat frå Ernesfeltet 2011-2013nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Andre landbruksfag: 919nb_NO
dc.source.pagenumber23nb_NO
dc.source.volume9nb_NO
dc.source.issue96nb_NO
dc.identifier.cristin1231426


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel