Kostnadseffektive tiltak for reduserte klimagassutslepp frå jordbruket
Nesheim, Lars; Eriksen, Kolbjørn; Flesland, Lars Ketil; Kiserud, Einar; Ristad, Trond Petter; Spanne, Kristian; Sunde, Eirik
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2451456Utgivelsesdato
2012-02-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Myndigheitene har gitt signal om at landbruket skal vera ein del av løysinga på klimaproblema. For at bøndene skal kunne gjennomføre tiltak treng dei praktiske råd, gjerne i form av demonstrasjon, om korleis dette kan gjennomførast i praksis. Dei treng også informasjon om korleis tiltaka vil påverke lønsemda i drifta. Agromiljø AS fekk tildelt midlar frå SLF til eit eittårig brukarstyrt prosjekt med tittelen ‘Utprøving og demonstrering av kostnadseffektive tiltak for reduserte klimagassutslepp frå jordbruket’. Målet med prosjektet var å få bøndene til å gjennomføre kostnadseffektive tiltak for reduserte klimagassutslepp. Opplegget vart i stor grad bygd på utgreiinga ‘Husdyrgjødsel og jordarbeiding – verknad på utslepp av klimagassar’.