Vurdering av økonomi på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 2009
Abstract
Undersøkinga er ei vidareføring av prosjektet Vurdering av økonomi på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 2008.2 Den utvida undersøkinga tar for seg rekneskapsåret 2009, og samanliknar 2009-tala med tala frå 2008. Analysen omfattar ei prosjektgruppe med 18 bruk som hadde stor utbygging i 2002-2007 og ei referansegruppe som er dei 57 mjølkebruka som var med i driftsgranskingane frå dei to fylka i 2008 og 2009. Rekneskapen for prosjektgruppa er gjort opp etter same prinsipp som i driftsgranskingane. […]