Surfôr av italiensk raigras/havre til tvilling og trillingsøyer – effekt på fôropptak, tal levandefødde lam og tilvekst etter fødsel
Abstract
Fôropptak og utnytting av italiensk raigras sådd i blanding med havre, hausta og konservert til vinterfôr (rundballar) for bruk i tida omkring lamming er undersøkt i to fôringsforsøk våren 2007. Forsøka vart gjennomført ved Bioforsk Øst Sæter, Kvikne i Nord-Østerdal, på oppdrag frå Gilde Nortura som ei oppfølgjing og dels etterprøving av resultat oppnådd i forsøk gjennomført same stad eitt år tidlegare. I dei to forsøka vart høvesvis trilling- og tvillingsøyer fôra etter appetitt med blandingssurfôr av italiensk raigras (70%) og havre (30%) frå seks veker før til tre veker etter lamming. Trillingsøyene fekk raigras/havresurfôr som einaste grovfôr. Tvillingsøyene fekk halvt om halvt med surfôr av raigras+havre og vanleg rundballesurfôr av timotei. Timoteisurfôret var dessutan kontrollfôr i begge forsøk. I trillingforsøket vart både fôropptaket hjå søyene og endringar i vekt (søyer og lam) og hald (søyer) frå forsøksstart til fjellsending registrert . I tvillingforsøket vart det berre gjort vekt- og haldregistreringar. Det vart registrert haustvekt på alle lam frå forsøka som kom heim frå fjellet. Trillingsøyene hadde eit gjennomsnittleg fôropptak på 1,5 kg TS for heile forsøksperioden sett under eitt. Det var svært liten forskjell i fôropptaket i tida før og etter lamming. Dette samsvarte dårleg med det høge fôropptaket som vart oppnådd i forsøket året i førevegen (2,0 kg TS før lamming og 2,2 kg TS etter lamming i gjennomsnitt for tvilling- og trillingsøyer). Forskjellen i oppnådd resultat mellom dei to åra kunne ikkje forklarast ut frå den kjemiske samansetjinga eller gjæringskvaliteten av fôret ettersom det her var svært små forskjellar mellom åra. Derimot var andelen havre høgare i fôrblandinga som vart brukt i 2007 (30%) samanlikna med ho som vart brukt i 2006 (20%) og dette kan ha ført til noko dårlegare smak. Opptaket av timoteisurfôr var nær det same som opptaket av surfôr av raigras+havre før lamming i dette forsøket. Svært høgt tørrstoffinnhald i timoteisurfôret kan være med på å forklare at opptaket var 2,0 kg etter lamming og såleis høgare enn for raigrassurfôret. På den andre sida kan opptaket av kontrollfôr etter lamming vere overestimert på grunn av fôrsøl. Lågare fôropptak i trillingforsøket i 2007 samanlikna med forsøket i 2006 kan vere ei muleg forklaring på at det ikkje vart registrert daudfødslar. Likevel vart det oppnådd positivt respons av å gje raigrassurfôr samanlikna med timoteisurfôr med omsyn til fødselsvekt på lamma. Forklaringa ligg truleg i høgare næringsverdi i raigrassurfôret samanlikna med timoteisurfôret. Dette kan også vere med på å forklare at raigrassurfôr resulterte i minst like høg tilvekst på lamma, lågare TS-opptak i tida etter lamming til trass. Sjølv om utslaga var mindre tydelege, støtter resultata frå dei nye forsøka oppunder konklusjonen frå forsøket i 2006 om at ein ved å produsere og bruke høgkvalitetssurfôr av italiensk raigras+havre kan oppnå positiv effekt av dette på viktige resultatmål i sauehaldet.