Frøblandingar for sauebruk
Research report
Published version
View/ Open
Date
2007Metadata
Show full item recordCollections
- Bioforsk Fokus [91]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4613]
Abstract
Kombinert slått og beite set store krav til grasmarka på sauebruk. Ulike frøblandingar vart prøvde i eit driftssystem med simulert vårbeite, ein til to slåttar om sommaren og anten haustbeiting med sau eller slått til same tid, på i alt 16 felt over tre engår i Sør- Noreg. Det var små avlingsforskjellar mellom frøblandingar, men det var tydeleg at blandingar utan engrapp (Poa pratensis L.) stod dårlegast tredje året. Blandingar utan engrapp gav også mindre haustbeite. Artssamansetjinga hadde meir å seie for avlinga enn val av sortar. Den minst vintersterke blandinga greidde seg bra også i høgareliggjande strøk på grunn av høgt innhald av engrapp. Den botaniske samansetjinga i enga retta seg etter samansetjinga av såfrøet, men tredje året var det små forskjellar i samansetjing mellom blandingar der dei same artane gjekk inn. Det var små kvalitetsforskjellar mellom blandingane. Forsøket viser at fleirartsblandingar har stor fleksibilitet og kan gje forholdsvis likt resultat sjølv om samansetjinga av frøblandinga er ulik. Forsøket stadfester at engrapp er ein viktig art i slått/beite-blandingar sjølv om arten etablerer seg seint og ofte gjer lite av seg første året.