Verdikjedevurdering i Hordaland
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2494687Utgivelsesdato
2006-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NILF Notat [338]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4490]
Sammendrag
På oppdrag frå Landbruksavdelinga i Hordaland, har NILF utført verdikjedevurdering for to av satsingsområda omtalt i rundskriv av 15. juli 2004 frå Landbruks- og matdepartementet, «Utarbeiding av regionale strategier for landbruksbasert næringsutvikling, og desentralisering av fylkesvise BU-midler». I dette notatet er satsingsområda «Mat, produksjon og foredling» og «Landbruksbasert reiseliv» i Hordaland kartlagt. Dei ulike marknadskanalane for sentrale jordbruksvarer er vurderte med tanke på fleire ulike forhold, som kva omfang dei har, trong for investeringar, omsetnadskanalar, arbeidsinnsats med meir. Det er også vurdert potensiale og flaskehalsar. I dette arbeidet er det nytta offentleg statistikk og telefonintervju med ei rekkje informantar av produsentar, omsetnadsledd, forvalting og andre. På mange av områda er det liten tilgang på gode data, så mykje informasjon er sydd saman av deler frå ulike kjelder. Ramma for prosjektet har avgrensa kor djupt ein kunne gå inn på dei ulike områda. […]