Distriktsdimensjonen i landbrukspolitikken. Næringsstøtte, distriktsinndeling og effekt. Ein prinsippanalyse
Research report
Published version
View/ Open
Date
2001-02Metadata
Show full item recordCollections
- NILF Notat [338]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4612]
Abstract
Dette notatet er ein del av prosjektet «Den distriktspolitiske komponenten av landbruksstøtte ». Hovudmålet med prosjektet er å utvikle, utprøve og drøfte system som klassifiserer og operasjonaliserer næringsstøtte til privat næringsliv etter distriktsprofil og som kan brukast til å analysere verknader av støtte med omsyn til nasjonale distriktspolitiske mål og i lys av internasjonale utfordringar. Målet med notatet er å: • gje eit oversyn over korleis landbruket har vore omtala i samband med den generelle (smale) distriktspolitikken og korleis distriktspolitiske mål og verkemiddel har vore ein del av landbrukspolitikken. • drøfte omgrepet næringsstøtte generelt og kva som er næringsstøtte til landbruk spesielt • drøfte på prinsipielt grunnlag korleis ein kan klassifisere landbrukspolitiske verkemiddel i høve til distriktspolitiske mål • gje eit oversyn over tidlegare forsking om den distriktspolitiske rolla av landbruket, mellom anna kva verkemiddel som er eigna for å nå landbrukspolitiske mål. […] Distriktsdimensjonen i landbrukspolitikken. Næringsstøtte, distriktsinndeling og effekt. Ein prinsippanalyse