Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og økonomisk utvikling siste tiåret, 1996-2005. Økologisk mjølkeproduksjon
Abstract
«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår om lag 1 000 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Det er stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Vestlandet. I tillegg er det er eit mål for NILF å gjere data frå driftsgranskingane lettare tilgjengelege.
Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det deltek 173 bruk frå Vestlandet i granskinga, om lag 60 bruk frå kvart fylke. Dei økonomiske dataene i 10-årstrendane i kapittel tre er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktene i tabellsamlinga inneheld beløp i nominelle kroner frå kvart av åra. Kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5-10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.
Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er eit årleg fellesprosjekt, som krev stor innsats av medarbeidarar ved alle kontora til NILF. Distriktskontoret i Bergen har ansvaret for tala frå Vestlandet.